Du er her : Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel



[COPYRIGHT]
 

4- 5 årsgruppa treng instruktør

(1/9/2010 5:07:00 PM) | Skrive av: Barneidrett | 584 visingar


 

Det er ønskje om at 4-5 åringane også skal ha innandørs tilbod i tillegg til ski-cupen. For å unngå kollisjon med ski-cupen, og at vi faktisk har treningstid i Campussalen så treng vi nye instruktørar.


 

Forslaget er at dei kan trene samtidig med 0-3 årsgruppa sidan dei ikkje er så mange. Nina Tandle og Margrethe Stedje som hadde denne gruppa før jul har ikkje mulighet til å stille på onsdagane. Det er ikkje så mange ungar på gruppa for 0-3 år slik at det vil vere fullt mulig å ha to grupper samtidig ved å ta ned skilleveggen i midten. Vi treng imidlertid nokon som tek på seg ansvaret med å ta fram utstyr og organisere timen litegrann. Det er berre ein instruktør på den minste gruppa slik at vedkomande kan ikkje ta ansvaret for begge gruppene. Det har i haust vore 30-40 ungar innom timane for denne aldersgruppa så det skulle vere nok av foreldre å ta av. Du treng ikkje nødvendigvis ha din eigen unge med heller.

Døme: Nina var instruktør for denne gruppa medan hennar eigen 5-åring var opptatt med vanntilvenning i svømmehallen med bestefar (pappaen var i Oslo) Det må no kunne finnast nokon i Sogndal med ein time til overs som kan ta på seg dette. Det er berre å ta kontakt med ein av oss i styret. Kontaktinformasjon finn du på sida vår.

Vi kan forresten også tenkje oss å ha fleire medlemmar i styret.

Kom igjen - barneidrett er moro  

 

 



 


Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin