Du er her : Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel



[COPYRIGHT]
 

JULETRE TIL JUL?

(12/10/2010 2:51:00 PM) | Skrive av: Earle Highbay | 676 visingar


 

JULETRE TIL JUL?   Jentelaget J15(96) har i år fått ansvaret å gjennomføre ein dugnad som går på hogst og sal av juletre.      


 

 

Jentelaget J15(96) har i år fått ansvaret å gjennomføre ein dugnad som går på hogst og sal av juletre. Hallgeir Skartun er “hogstsjef” og ansvarleg for å frakte juletrea til Sogndal sentrum kor dei kan hentast etter bestillingslista eller ved direkte kjøp.
Juletrea kan ein bestille på førehand ved å ta kontakt med eigen lagleiar som organiserer ei bestillingsliste. Denne lista må være i hende dei underteikna før sal- dagen 18.desember.

Sal og eventuelt henting av trea vert gjennomført ved Gjest Baardsen statuen på Fossetunet, Laurdag 18.desember, frå 1300- 1700. Her vil det verte ansvarlege frå laget J15(96) som organiserer salet.

NB! Kom å støtt heile handball gruppa og kjøp eit flott juletre(GRAN).
Prisen vil ligge på kr.200-300.

OPPFORDRINGA GÅR HERVED TIL ALLE I SOGNDAL HANDBALL MED FAMILIE OG VENNER. MØT OPP VED GJEST BAARDSEN STATUEN DENNE DAGEN
DET VERT SERVERT VARM GLØGG OVER EIN GOD HANDEL

                                                   
Kontaktpersonar:
Frode Buvik- mobilnr. 97772789
Jorunn Målsnes- mobilnr. 97187774



 


Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin