Du er her : Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel


Første borte kamp og første seier!
[COPYRIGHT]
 

Første borte kamp og første seier!

(05.12.2009 01:09:00) | Skrive av: Earle Highbay | 664 visingar


 

 Første bortekamp og første seier for gutar 10!


 

 Gutar 10 tok turen til Aurlandshallen for å spele ein kamp mot Årdalstangen. Lang tur, men kva gjer vel det når resultatet blir lagets første seier!

 

Det var 11 gutar som var med til Aurland og trua på seier var vel ikkje den største. Vi skulle trass alt møte det laget som hadde mest treningstid bak seg. Laget vårt gjekk også svært forsiktig ut, ingen hadde lyst til å avslutte, men etter litt oppstartsvanskar løsna det og etter mål av Trym, Sander og Adrian (2), samt eit svært bra forsvarsspel kunne Sogndal gå til pause med ei 4-3 leiing.

 

I andre omgang fortsatte det gode forsvarspelet og dei gongane Årdalstangen kom til avslutning stod Kristian der som ein vegg. Spesielt ei beinparade nede i det høgre hjørnet var det klasse over. Årdølene var rett og slett fortvila og såg ut til å resignere. Kun eit mål klarte dei å putte bak Kristian! Når Trym (2), Sander og Adrian (2) kunne gutane til slutt konstantere at dei var historiske - dei hadde tatt sin første seier 9-4! 

 

Innmarsj til presentasjon av laga

 

 

Dei to laga vert presentert for publikum

 

 

Laget forsvarte seg svært godt

 

 

Kristian tok det som kom forbi den godt jobbande forsvarsmuren! 

 

 

.. og etter kapmen var det å ta bølgen foran publikum!



 


Sogndal Idrettslag, Postboks 164, 6851 Sogndal - E-post: leiar@sogndalidrettslag.no | Admin