
[COPYRIGHT]
Første turnering unnagjort
(05.12.2009 00:25:00) | Skrive av: Earle Highbay | 362 visingar
Første turnering for gutane endte med to hederlege tap mot Syril sine gutar.
Det var ein nervøs gjeng med gutar som møtte til si første turnering i Sognal idretshall den 1. november. Etter kun tre treningar var det mange som frykta det verste mot eit Syril lag som trass alt hadde trent i eit års tid lengre enn gutane frå Sogndal - so sa i allefall rykta. Det vart spelt to kampar mot Syril denne dagen.
I begge kampane starta Sogndal små nervøst, men dei låg ikkje noke tilbake for sine motstandarar, og dei kunne gå til pause med ei knapp leiing i begge kampane. Diverre heldt ikkje konstentrasjonen heilt ut og i begge kampane måtte Sogndal sjå at Syril tok igjen ledelsen og til slutt kunne dei innkassere seieren i begge kampane. Dette tiltross, både trenar, gutane og tilskodarar kunne konstantere at dette laget har potensiale til å skape mykje morro på handballbana i åra som kjem.

Eirik Stedje er i fer med å fyre av det som skal syne seg å bli det første målet for Sogndal gutar 1999 nokonsinne.

Trym har nettopp snappa ballen frå Syril og set full fart mot Syril målet - diverre resulterte det ikkje i mål denne gongen.

Full konsentrasjon når Vibeke kjem med instruksjonar i pausen.

Ei kanon frå Adrian er i ferd med å finne vegen til nettmaskene bak ein fortvila Syril-keeper.