
[COPYRIGHT]
Dao e me i gang!
(03.11.2009 20:12:00) | Skrive av: Handball | 316 visingar
Oppstart av handball for jenter og gutar 10 år.
Gutar og jenter født 1999 hadde si første handballtrening 15.10.09
Endeleg var me i gang med handball for jenter og gutar født i 1999.
Første trening var onsdag 15.10. 16 svært motiverte gutar og 16 like motiverte jenter møtte opp til trening. For mange var det første gong dei skulle kaste ballen kontrollert og med mål og meining. Takka vere dyktige instruktørar vart det ei økt der ungane hadde det kjekt og fekk ei god innføring i handball.
Vibeke samlar gutane før treninga startar. 

Oppvarminga på første trening bar preg av at ikkje alle hadde like lang erfaring med handball.

Orden i rekken når mottak av ballen skal
øvast inn.
Vibeke verkar fornøgd med det ho ser. Her er det ingenting å utsette på teknikken!