
[COPYRIGHT]
Turndag søndag 29.januar 2012
(18.01.2012 12:12:00) | Skrive av: Reidun | 201 visingar
Turngruppa ynskjer turnarar og foreldre/føresette/søsken velkomne til turndag i idrettshallen
Me ynskjer alle turnarar i Sogndal idrettslag si turngruppe velkomne
til felles turndag/ treningssamling/workshop 
Tid og stad
Søndag 29. januar i Idrettshallen. Opplegget på turndagen vert som følgjer:
Kl. 11.30 – 13.30: Alle grupper møter, felles oppvarming og turnøvingar
Kl. 13.30 – 13.45: Felles pause. Slutt turndag for 4 - 6. klasse.
Kl. 13.45 – 15.30: Turnøvingar for 7.klasse og oppover
Ta på turndrakt viss du har (dei som ikkje har høve til å kome sender melding til annelone@online.no).
Føremål
Føremålet med samlinga er at alle som har lyst skal få prøve seg på litt andre øvingar og turnapparat enn det me har høve til på treningane våre på Trudvang. Alle gruppene møter samla slik at me kan lære av og vere til inspirasjon for kvarandre.
Instruktørar frå Årdalstangen IL og IL Jotun kjem og vil vere med å instruere.
Foreldre/føresette og søsken
Me vonar foreldre/føresette og søsken har tid å ta turen innom for å sjå kva me driv med på treningane våre, me riggar til kafé samt
mini-turn/leikekrok for dei minste søskena. Det vert ikkje høve for søsken å delta på turnaktivitetane.
Bakedugnad
Foreldre vil få i oppdrag å bake kaker/bollart og koke kaffi, slik at me har til sal kiosken. Dei det gjeld vil få informasjon pr. sms eller e-post.
NB: Informasjon om turnstemna 2012:
Turnstemna er i år lagt til helga 21.-22. april i Høyanger :).
Set av datoane, meir informasjon kjem etter kvart.