_(Small)_3187_3H2142.jpg)
[COPYRIGHT]
Skiskule - Alpin
(06.01.2012 22:59:00) | Skrive av: Alpint | 286 visingar
HAR DU LYST Å LÆRE Å STÅ SLALOM?
Sogndal IL Alpin inviterar til skiskule i Sogndal skisenter Hodlekve!
Me startar opp tysdag 10. januar 2012
Gruppe 1: tysdagar og torsdagar 18.00 – 20.00 ( aktive )
Gruppe 2: tysdagar og torsdagar 18.00 – 19.30 ( stor bakke )
Gruppe 3: tysdagar 18.00 – 19.30 ( barnetrekket )
Skitrening 10 år og yngre:
Betre skiferdigheitene gjennom øving og leik på ski.
Skitrening 11 år og eldre:
Betre skitekniske ferdigheiter, bidra med kvalitet/ intensitet.
Me treng hjelp av dei vaksne i bakken: Her minner me om at Sogndal IL Alpin er ein dugnadsbasert organisasjon. Så fint om alle er med og tek i eit tak. Gledar oss til å sjå både liten og stor i bakken!
Hugs å ta med til trening: Hjelm og vottar/hanskar.
Praktiske spørsmål Elisabeth S.Myklebust ,trenaransvarleg tlf.: 97525711
eller Mona Foss, leiar tlf.:41566038
Medlemskontigent/ treningsavgift :
10 år og yngre:
Skitrening: 600,-
Barmark hausten 2011: 200,-
Både barmark og skiskule: 700,-
11 år og eldre
Skitrening: 600,-
Barmark hausten 2011: 400,-
Både barmark og skiskule: 800,-
Barnetrekket er GRATIS, medan ein i storetrekket løyser heiskort.
Me er pålagde å opplyse om at alle som deltek i organisert idrettsaktivitet må vere medlem i
Sogndal idrettslag eller eit anna idrettslag. Dei som er under 13 år vil då automatisk vera forsikra via NIF si barneidrettsforsikring. Frå den dagen ein fyller 13 år må ein ha NSF skiforsikring i tilegg. Ved framvising av betalt medlemsavgift til SIL vil ein få rabatt hjå Intersport Sogndal. Hugs å ta med medlemskort!