
[COPYRIGHT]
4. beste i Europa og ny Norges rekord
(13.08.2010 23:39:00) | Skrive av: Taekwondo | 967 visingar
Dag-André presterte god i sitt fyrste internasjonale stevne
Fantastiske 272,5 kg klarte Dag-André å lyfte i benkpress og forbetra der med sin gamle norgesrekord med heile 11 kg. Dette heldt til ein flott fjerdeplass i klassen for utøvarar som veg inntil 100 kg.
"Når det var att to utøvarar så lå eg på andre plass. Men sjølv om det ikkje vart medalje så er eg kjempefornøgd. Dette var mitt fyrste internasjonale stevne, og meininga var at eg skulle reise hit for å lære. Når eg då set ny norsk rekord med 11 kg, kan eg ikkje vere noko anna enn særs fornøgd", seier Dag-Andrè på telefon frå Slovakia.
Gullet gjekk til ein finne etter eit løft på 280 kg, medan både sølv og bronsje gjekk til løft på 275 kg.
Sogndal idrettslag sin leiar, Rune Fromreide, sa fyljande då han blei gjort merksam på Dag-André sin prestasjon "Sogndal idrettslag gler seg over Dag-André sin prestasjon. Han er ein flott ambasødør for sin idrett, og vi er stolte over at han representerar Sogndal idrettslaget og styrkløftgruppa i Sogndal."
Du kan sjå løftet her.