
[COPYRIGHT]
Flott tur til Hintertux
(25.10.2009 21:24:00) | Skrive av: Alpint | 647 visingar
Heile 32 utøvarar deltok på samlinga til Sogn og Fjordane Skikrins i Hintertux.
Heile troppen var på 64 personar (inkl. føresette).
Dette er tredje året skikrinsen arrangerar samling i Austerrike i samarbeid med Kjus Rennskule og Roland Johansson.
SKISAMLING I HINTERTUX
Søndag 4 oktober var det avreise for 33 alpinistar og 31 føresette frå Gardemoen. Av denne gjengen var det 10 utøvarar frå Sogndal IL Alpin og like mange føresette. Resten av reisefølgjet er våre alpin venner frå fylket. Me landa i Munchen og hadde ein 2 timars busstur i ein to etasjes buss til Hintertux.
Vel framme på hotell Tirolerhof vart me mottekne av Rolle, Peter og Svenn frå Kjus rennskule, som er trenarane våre på alle samlingar. Hotell Tirolerhof er vorte vår faste overnattingsplass på desse samlingane.
Med blå himmel og sol var det eit eventyr å komme opp på breen for oss som var der for første gang, å sjå den mektige naturen. Turen opp er og mektig, ikkje mindre enn 3 gondolar, der ein kan nyte alt frå eit fugleperspektiv før ein er oppe på 3250 meter der treninga føregår. Skikkelig høgdetrening.
For fleire var dette den første samlinga før sesongen, medan andre allereie har vore på ei samling på Juvass. Uansett var det herlig å få ski på føtene att.
Det kunne ha vore meir snø og litt mindre is, men utøvarane fekk verkelig prøvd seg.
Det var tre dagar med SL trening og tre dagar med SSL trening i over 3000m høgde. Då me var nede på hotellet att, var det video frå dagen i bakken,der alle utøvarane vart filma. Heile troppen var på 64 personar (inkl. føresette). Veldig lærerikt å sjå seg igjen på film. Så var det skifte til treningskle og ut på barmarkstrening. Den eine dagen hadde Peter med heile gjengen på softgun, det var kjempe populært. Dei hadde storkosa seg, men var sveitte og trøytte når det var over - ei god treningsøkt med mykje moro.
Tid til å vera sosiale hadde me og. Spesielt kjekt å sjå kor god kontakt utøvarane har og kor godt kjende dei blir på kryss av kommunegrensene på slike samlingar. Og me som er føresette er jo fantastisk heldige som får vera med på dette. Det blir nok ny tur neste år og. Gruppa veks for kvart år, og det skjønnar eg godt Det var min første tur, og definitivt ikkje den siste. Trur ikkje det er mange som dett av lasset, berre nye som kjem til og det er supert. Slik skal det vera.
Me hadde flott vær heile veka og alle treningsøkter blei gjennomført. Vil og få skryte av Rolle, Peter og Svenn som tok seg godt av alle utøvarane og er 3 supre trenarar.
Søndag 11 oktober var det klart for heimreise, og eg trur fleire av oss godt kunne hatt nokre dagar til.
Dersom det er nokon som lurte på om dei skulle melde seg på, men ikkje gjorde det: Gjer alvor av det neste år , det kan absolutt anbefalast. Ei oppleving for livet!
Og til alle alpinvenner: Tusen takk for at de er eit så fantastisk reisefølgje!
21.10.09
Mona Foss
Foto: Mona Foss